STILLHET, RO OG SEGLE
Tenk deg kjensla av vinden som stryk mot kinna dine medan du pløyer stille
gjennom sjøen i ein gamal trebåt. Ingen motordur, kun lyden av bølgeskvulp
mot tre, blafring i segl, eller årane som dyppar i den blå sjøen.
Den tradisjonelle norske trebåten har vore sentrum i livet til kystfolket
i alle tidar. Med båt, årar og segl skapte folk seg eit levebrød
frå havet. Har du lyst til å kome kystfolket like inn på sjela,
så har vi båtar så du kan få prøve. I Solund kan
du også få opplæring i bruk av båtane og vere med på spennande
utferder mellom øyar og holmar.
Meir
informasjon
|
|

Rotur i Solund |