Frå fjord til hav . . . Lokalt kart 

Utvær  Du kjem ikkje lenger vest i Norge enn her. Ta turen til Utvær, Norges vestlegaste øy! La deg overvelde av det opne og mektige havet. Vel i havn kan du nyte idyllen i det gamle fiskeværet med sitt vakre fyrtårn. Det var her vikingane slipte sverda sine før dei for i vesterled!

Med eigen båt  Dei utallige øyane gjer at du kan ferdast trygt i skjerma farvatn langs det meste av kysten. Her er mange fine uthamner der du kan legge til, og gjestehamner som tek i mot deg på beste måte når du treng til det.

Øyhopping med sykkel Dei mange fredlege og idylliske øyane i Ytre Sognefjord & Dalsfjord er ideelle for sykling, med lett kupert terreng og svært lite biltrafikk. Hurtigbåter, ferjer og lokale skyssbåtar knyt saman øygruppene.

Bygder i vest Bygdene vil gjerne vise deg alt kva dei kan by deg på, og presenterer seg no sjølve på internett med informasjon om historie, næringsliv, arrangement, aktivitetar og mykje meir.

Bulandet, Norges vestlegaste fiskerisamfunn

Kjenn – det nappar!