Ytre Sognefjord og Dalsfjord

OPPLEV KYSTEN OG FJORDANE
Opplev kysten og fjordane, med sine små og store eventyr! Du kan fiske, bade, ro, segle, sykle, padle, klatre og gå på tur i fjellet. Eller kanskje du vil reise på oppdagarferd mellom tusenvis av holmar og skjær, og finne akkurat din vesle hemlege stad...
Om du først og fremst ynskjer deg fred og ro, så kan du berre lene deg tilbake og nyte naturen. Etter få dagar vil du merke korleis roen blir ein del av deg. Snart blir du slik vestlendingen er; roleg og avslappa, prega av naturen rundt deg – havet, lyset, fjorden, fjella og stilla.

Finn roen med Rekrea

 
Frå Alden i Askvoll.
Foto: P.K.Eide.