HISTORIE
Ytre Sognefjord og Dalsfjord låg tidlegare midt i skjæringspunktet
mellom ferdselsvegane nord-sør langs kysten, austover inn Sognefjorden
til Austlandet og vestover til Island og dei britiske øyane. Herfrå drog
vikingkongar på oppdaging, røvar- og handelstokt «i vesterled» (800-1000),
før dei avslutta karrieren med å bli kristne og utforme det norske
demokratiet på Gulatinget (900-1300). Svartedauden på 1300-talet
gjorde eit stort innhogg i befolkninga. Etterkommarane vart fiskarbønder
og handels- og sjøfolk som på fredeleg vis heldt kontakt med den
store verda.
Meir
informasjon [Attraksjonar]
|