| Ytre Sognefjord og Dalsfjord | ||
| UTVÆR – SOLUND Lenger mot vest er det ikkje mogleg å reise i Noreg dersom du skal ha fast grunn under føtene. I dag er det eit par fastbuande på Utvær, men om sommaren blir det myldrande liv av feriefolk i det gamle fiskeværet. Fyret vart i 2004 automatisert, men det er høve til å få omvising. For deg som ønskjer ei litt lenger turoppleving i Solund, kan vi tilby ein todagerstur med overnatting i det gamle skulehuset på Utvær. Skal du besøke Utvær må du i båt. Eigen båt eller lokale skyssbåtar Valet er ditt. Her er tingingsrute frå Kolgrov heile året. I sommarsesongen er det oppsett skyssbåt med avgang i frå Hardbakke og Eivindvik. Fredningsvedtak Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fatta vedtak om vern av Utvær som naturreservat. Vedtaket gjeld øygruppa Utvær og omliggjande sjøareal. Øya Utvær og nærliggjande sjøareal er unnateke. Riksantikvaren har gjort framlegg om å frede sjølve fyrstasjonen. St. Sunniva og Utvær kapell I middelalderen var det eit kapell sør for eksisterande busetnad. Det er noko uvisst når kapellet vart bygd. Dei fyrste skriftlege kjelder som nemner kapellet, er Bjørgynar Kalveskinn frå 1320. Kapellet hadde inntekter gjennom gåver og fisketiende. På 1600 talet eigde kapellet 15 kyr og 27 sauer som vart utleigd. Seinare på 1600 talet opplevde Utvær kapell å bli røva av skotske sjørøvarar. Kapellet var laga av tømmer og var ca. 7,5 m langt og ca. 6,3m breitt. Her var om lag 120 sitteplassar. Kapellklokka frå 1641 kan ein i dag finne utstilt på dei Heibergske Samlingar i Kaupanger. I kapellet vart det halde 4 preikener i året. Presten kom i båt frå Eivindvik. Presten sat ofte værfast på øyane lenger inne. I 1718 var kapellet flytta inn til Husøy. Då Straumen kyrkje vart teken i bruk ved slutten av 1800-talet, vart kapellet rive. |
Byggjeår: 1900
|