ØYHOPPING
MED SYKKEL
Dei mange fredlege og idylliske øyane i Ytre Sognefjord & Dalsfjord
er ideelle for sykling, med lett kupert terreng og svært lite biltrafikk.
Hurtigbåten, ferjer og lokale skyssbåtar knyt saman øygruppene,
fra Mjømna i Gulen til Nåra og Krakhella i Solund, og Værlandet
og Bulandet i Askvoll. Kombiner gjerne sykkelturen med flotte fotturar som
t.d. Nordsjøløypa i Solund, Lihesten i Hyllestad eller Alden
i Askvoll. Stiftinga Jensbua hjelper deg med detaljerte ruteforslag!
Vil du på sykkeltur så kan du ta med sykkelen på øyhopping,
og såleis oppleve øyrika både frå båt
og sykkel ! Reis deler av øyhoppturen ein dag, hopp av mellom
to strekningar og ta ei overnatting eller to og bruk tida til å
utforske øyane frå sykkelsetet, og reis så vidare
på øyhopping ein annan turdag! Vil du ikkje ha med eigen
sykkel kan du leige sykkel i Hardbakke, Værlandet eller Bulandet.
Døme på turopplegg med sykkel
kan vere: Dag 1: Reis med øyhopping til Hardbakke. Ha med eigen
sykkel eller leig sykkel i Hardbakke. Ta postbåten til Ytrøy
og gå av
her. Bruk dagen på å utforske Ytre Solund med sykkel, og
ta så ferja frå Nåra
til Daløy, og sykle deretter til Hardbakke der du overnatter.
Dag 2: Fortsett øyhoppturen med postbåten frå Hardbakke
mellom øyane i midtre Solund og til Gåsvær og Bulandet.
Utforsk Bulandet og sykle så over Nordsjøporten med sine
flotte bruer til Værlandet, der øyhoppturen
fortset med ferje til Askvoll, og ekspressbåt tilbake til utgangspunktet.
Eller du kan gjere det omvendt, starte turen i Askvoll, «hoppe
av» i Værlandet eller Bulandet og overnatte her, og så reise
videre med postbåten til Solund neste dag. Her finst mange ulike
kombinasjonsmulegheiter, og du kan også kombinere øyhoppturen
med ein fyrsafari til Utvær
og Tungodden.
Opplev Gulatingsstaden Eivindvik på sykkel! Ta båten
frå Bergen til Sollibotn. Sykle frå Sollibotn
til Eivindvik, og til Gulatingsstaden på Flolid rett utanfor Eivindvik.
Overnatt på Solodden Hyttegrend, og ta lokalbåtruta vidare
frå Eivindvik til
Ytre Solund neste dag! Sykkelutleige på turistinformasjonen på
kaia.
DEN TRONDHJEMSKE POSTVEG
Mange
erfarne syklistar har skildra den godt bevarte delen av Den trondhjemske postvei
mellom Hyllestad og Fjaler, som ein av dei største sykkel-opplevingane
her til lands. Opprinneleg var det bygd 19 steinbruer på postvegen mellom
Dale og Leirvik, og fortsatt står mange av dei som stolte og flotte eksempel
på tidleg tørrmurarhandverk. Kun nokon få stadar på den
40 km lange strekninga mellom Dale i Fjaler og Leirvik i Hyllestad er underlaget
så ujevnt at det er best å trille sykkelen. Iblant må du inn
på den asfalterte RV 57, men det meste av vegen er bilfri og idyllisk.
LENGST VEST
Ferje frå Leirvåg (RV 57) til Skipavik, vidare til Mjømna.
Rutebåt til Nåra. Stopp for overnatting. Ferje til Daløy
og videre til Krakhella. Ferje til Rysjedalsvika og vidare til Grytøyra
der det går ferje til Værlandet. Stopp for overnatting i Bulandet og
ta feja til Askvoll, vidare med ekspressbåt til Florø, eller
fortset RV 609 til Førde.
RUTE 57
Ferje frå Leirvåg (RV 57) til Sløvåg, videre til Rutledal
og ferje til Rysjedalsvika. Videre langs "Den Trondhjemske Postvei" til
Dale. Ferje til Eikenes. Vidare med ekspressbåt frå Askvoll til
Florø, eller fortset RV 609 til Førde.
SOGNEFJORDEN
Frå Matre (E39) over Stordalen til Bjordal. Vidare inn sørsida
av Sognefjorden (2 mørke tunnellar mellom Bjordal og Ortnevik, omlag
1800 m. men lite trafikk). Båtrute frå Ortnevik til Vik.
SYKKELUTLEIGE
Askvoll: Værlandet Handel, tel.
57 73 01 20
Askvoll: Værlandet Båt, tel. 57 73 11 28 / 95 77 80 71
Askvoll: Bulandet, Nikøy Handel, tel. 57 73 21 44.
Fjaler: Korssund Handel, tel. 57 73 75 35
Hyllestad: Leirvik Kro og Motell, tel. 57 78 89 20
Solund: Turistinformasjonen, Hardbakke tlf. 57 78 62 00
Solund: Lambrechts Eftf
A/S, Nåra, tlf. 57 78 66 15
Gulen: Eivindvik Fjordhotell, tel.
57 78 43 10
|