Ytre Sognefjord og Dalsfjord

STEINHOGGARLEIR – KVERNSTEINSPARKEN I HYLLESTAD
Opplev steinhoggarlivet for 1000 år sidan.Ikledd vikingdrakt kan du i stemningsfulle omgivelsar hogge stein, vere smed, male korn på handkvern, steike vikingbrød på bål, lage di eiga vikingsuppe og nyte eit fellesmåltid rundt knitrande bål. Opphaldet i steinhoggarleiren inkluderer guida omvising i dei historiske steinbrota i Kvernsteinsparken samt bedriftsbesøk hos Åfjordstein der du kan sjå korleis kvernsteinen kan utnyttast i moderne og ny design.

      Førehandspåmelding:
      Tlf. 577 88 380 / 952 77 156 seinast kl.15 dagen før.
      Sesong:
      Åpningstider:
      Prisar: Vaksne kr 300,- Barn 5-13 år kr 200,- Barn under 5 år gratis.

Kvernsteinsparken last ned brosjyre
Kvernsteinsparken