STILLHET, RO OG SEGLE
Tenk deg kjensla av vinden som stryk mot kinna dine medan du pløyer
stille gjennom sjøen i ein gamal trebåt. Ingen motordur, kun
lyden av bølgeskvulp mot tre, blafring i segl, eller årane
som dyppar i den blå sjøen.
Den tradisjonelle norske trebåten har vore sentrum i livet til kystfolket
i alle tidar. Med båt, årar og segl skapte folk seg eit levebrød
frå havet. Har du lyst til å kome kystfolket like inn på sjela,
så har vi båtar så du kan få prøve.
FJORD- OG KYSTSEILAS
Komfortable og trivelege opplevingsturar med seglbåt langs Vestlandskysten
og i fjordane. Turane vert tilrettelagt etter gjestane sine ønskjer
og kan kombinerast med fjell- og breturar, kulturopplevingar, øyopphold,
padling og fiske. 4–8 personer. Kari Aamodt og Vidar Grotle ønskjer
velkomen om bord i Fjord Sailings Contest 48, ein solid og velutstyrt
hollandsk havseglar.
Telefon: 99 58 44 88 / 91 17 42 64.
mail@fjordsailing
www.fjordsailing.net
LITLE FÆRØY – SOLUND
Restaurert husmannsplass, no brukt til leirskule og
kystkulturaktivitetar. Kontakt Roar Moe, tlf. 57786953 / 90939980
JENSBUA – FJALER
Restaurert sjøbu frå 1920, no brukt som senter og verkstad for
kulturminnevern og reiseliv. Færingar og seksæringar til leige
til dagsturar. Omvisning etter avtale. Tel. 57 73 52 46 / 57 73 90 20.
|
|

Fjord- og kystseilas

Litle Færøy i Solund

Jensbua i Fjaler
|