FOT-
OG FJELLTURAR
Ytre Sognefjord og Dalsfjord tilbyr over 100 turstiar, frå lette
turløyper på øyane og flatlandet til utfordrande fjellturar,
f.eks til Blegja i Askvoll (1.305 m.o.h.). Turar til lågare fjelltoppar,
som ein finn i heile området, gir ein fantastisk panoramautsikt over
kyst, skjergard og hav. I sør grensar Høyanger mot Stølsheimen,
eit av dei største og mest populære fjellturområda i Norge.
Dei fleste turstiane i Ytre Sognefjord og Dalsfjord er godt oppgått
og merka, men for nokre utfordrande turar rår vi til å bruke
kart. Karthefte med omtale av turstiar og fjellturar er til sals på turistkontora
og dei fleste overnattingsstadene. (Kr. 30-50,- Norsk, tysk og engelsk tekst.)
ALDEN – ASKVOLL
Også kalla ”Den Norske Hesten”, er eit markant gamalt seglingsmerke
på kysten, der den stig nærmast loddrett opp av havet, 481 m.o.h.
, synleg meir enn 100 km til havs. Merka tursti til toppen, tilkomst via
ferje til Værlandet, og- båt/ferje derfra
til Alden.
BLEGJA – ASKVOLL
1 304 meter høge Blegja i Askvoll er ei litt tøffare utfordring,
men gevinsten er ei gedigen utsikt! Du ser Jostedalsbreen godt i øst
og så langt som til Snønipa og Ålfotbreen i nord. Mot vest
kan kysstripa følgast fra Solund til Hornelen, og elles langt til havs.
Turen tar ein heil dag.
LIHESTEN – HYLLESTAD
Lihesten. Den majestetiske og trolske Lihesten i Hyllestad er eit av dei mest
markante fjella på kysten. Her går fleire merka turstiar til
topps, over 714 m.o.h., med utsikt langt utover havet og innover fjordane.
På Lihesten er det også mange gode fiskevatn.
NORDSJØLØYPAVÆRLANDET – BULANDET
Nordsjøløypestien på Værlandet er merka og
startar rett ved ferjekaia.Her går du vestover innover myrer og
langs vatn og sund. Løypa passerer dei karakteristiske Klettane,
og du kan taein avstikkar opp på Høgekletten (163
m.o.h). Utsikta herifrå er fantastisk! Stien er om lag 2,5 km
lang, og møter hovudvegen ved Loran-C masta. Her kan du gå eller
sykle vidare vestover vegen til Melvær og Bulandet, eller returnere
til ferjekaia på Værlandet. Eigen turfaldar får du
på butikkane, og det er moglegå leige syklar
DEN TRONDHJEMSKE POSTVEG
Den historiske postvegen mellom Bergen og Trondheim går gjennom Fjaler,
Hyllestad og Gulen. Vegen blei bygd i åra 1801–1806 og har ei rekke
fine steinbruer. Ei oppleving for ein vandrar eller syklist med terrengsykkel.
Ved Postvegen på Skor ligg eit vakkert og autentisk
kvernhusmiljø, med fem restaurerte kvernhus.
STØLSHEIMEN – HØYANGER
For dei som vil oppleve mangfaldet og variasjonen i vestlandsfjella, er ein
tur i Stølsheimen å anbefale. Det 367 km2 store området
strekker seg frå høgfjell, gjennom frodige dalar til fjordar
under bratte lier. Dei mange stølane og vatna er kanskje det området
er mest kjend for. Frå Ortnevik er det merka turstiar inn til Stølsheimen,
og frå Bjordal køyrer ein Stordalenvegen til topps (725 m.o.h.)
for å ta seg inn i området.
KYSTARBORETET – SOLUND
Arboretet i Hardbakke er ei samling tre og plantar, hovudsakleg stadeigne typar.
Det er planta ut over 160 ulike planteslag som no etterkrvart viser seg i
terrenget. Rhododendronsamlinga er eit fint skue på forsommaren. I
tilknytning til arboretet går det ein 5 km turveg i eit variert terreng,
og med flott utsyn over Sognesjøen. Merka sti til toppen av Ravnenipa.
NORDSJØLØYPA – STEINSUNDØY
Nordsjøløypa i Solund går som sti gjennom utmark frå Bjørnefjorden
til Stokkevåg. Stien går i slak skråning framved fjellfoten.
Terrenget er berg og lyngmark. Turen tek 1 – 1,5 time og er ein fin familietur.
Vidare går turen med robåt innaskjers forbi Litle Færøy,
Gullholmen, Råkeneset og til Strand. For meir informasjon, om turen med
robåt, kontakt Stiftinga Jensbua, tel. 57 73 90 20
NORDSJØLØYPA – KORSSUND
Merka turveg som delvis går langs vegen, men for det meste følgjer
gamle trakk og stiar gjennom utmark nordover mot Lammetun. Turen startar
i Korssund hamn, og går ca.3 km mot Lammetunsundet. Her kan du
tinge deg båtskyss med ei snekke som ligg klar og venter på deg,
og tar deg med på ein halvtimes båtferd tilbake gjennom dei
smale sunda. Båtskyssen må tingast i butikken før
du tek til på turen. Eigen turfaldar med turskildring får
du på butikken. Pris båtskyss: V. kr. 50,- B. kr.25,- Heile
rundturen tek ca. 1,5 timar.
FOSSEDALEN
er det mest nytta turområdet på nordsida av Dalsfjorden.
Vikja og Kleivane er inngangsportalen til turar til Fossedalen, Heileberget,
Kringla, Ertrefjellet og Blegja. Merka rute til Nipebu og derifrå til
Rivedal, Stongfjorden, Markavatnet og Massbu (Laukeland). Det er knytt
store verdiar til dette området, som vert opplevd som heilt spesielt
for alle som kjem dit, born som vaksne. Når du tek deg innover
den gamle opparbeidde gardsvegen, får du oppleve eit særs
rikt plante-, fugle-, og dyreliv. Her finst òg ei rik kulturhistorie,
noko Jakob Sande gjennom diktinga si let oss få del i.
NORDSJØLØYPA – FÆRØY
Løypa er merka både frå Henja på vestsida og
gjestehamna på Vassdalen. Langs gardane og den gamle grusvegen
over øya går ein i eit grønt og frodig landskap der
du heller møter på nokre beitande kalvar enn biltrafikk.
Vidare går stien nordover langs stiar og delar av den gamle kjerrevegen
som gjekk til utefloren og lakseverpet. På Espa, som er turens
vendepunkt, har ein panoramautsikt til Alden, Værlandet, Bulandet
og fjella inne i landet. Langs heile løypa finn ein fleire
På tur
med Njord [kajakk,
kano, fotturar, fiske, m.v.]
På tur
med Rekrea [kajakk,
fotturar, fjellklatring, m.v.]
|