Ytre Sognefjord og Dalsfjord

SJØFISKE
Ytre Sognefjord og Dalsfjord, med sine tusenvis av øyar og lange fjordarmar er eit paradis for alle fiskeinteresserte. Her har du innan kort rekkevidde både lune fjordar, øyar, holmar, skjer og ope hav. Både folk og fisk trivast godt her, med den friske lufta og den reine sjøen. Vertskapet ditt tipsar deg gjerne om lokale fiskeplassar, og alle hyttene har eigen båt med motor tilgjengeleg. Fisket er best på våren og hausten, men det er godt med fisk stort sett heile året.
Fiske har i generasjonar vore den viktigaste næringsvegen langs store delar av Ytre Sognefjord og Dalsfjord, og du kan dra opp dei fleste fisketypar: Lyr, torsk, makrell, sei, lange, brosme, kveite, steinbit, ål, m.fl. Her er også rikt med krabber. Storfisken dreg du utover mot havet, men er det mykje vind kan du likevel fiske trygt mellom dei utallige øyane eller inne i fjorden. Uansett er du garantert storslåtte naturopplevingar og nærkontakt med elementa. Det gjer godt for kropp og sinn!

Kjenn det nappar!
Fisketurar