I våningshuset sin 2. etasje er det ny utstilling kvart år.  I 2007 viser vi gamalt og nytt porselen.

Fjordabonden og fiskarbonden
1.etasje i våningshuset er innreia som ei typisk fiskarbondestove frå første delen av 1900-talet.  Opprinneleg var denne etasjen lensmannsstova, og det var her at Gjest Baardsen sat som fange i 1822.
Sjøbuloftet med gamle fiskereiskapar
På loftet i sjøbua er det stilt ut over 100 gjenstandar knytte til fiske og båt. Desse er hovudsakleg samla inn frå Ytre Gulen av Historielaget på Byrknes. Ein stor del av gjenstandane blei gitt av Alf Sæternes (1906 –1998) og stammar frå garden Sæternes ved Brandangersundet i Ytre Gulen.