Det var ein gong ein mann og ei kone som budde i ei lita
stove i ei kystbygd på Vestlandet. Dei livnærte seg
ved å fiske, halde kyr og sauer og dyrke korn og poteter
på jordstykket sitt. Som andre fiskarbønder måtte
dei arbeide frå tidleg morgon til sein kveld.
Mannen måtte på sjøen for
å skaffe matfisk til huset og pengar til byvarer og skattar.
Før motoren kom var det å ro og segle, ofte langt
til havs. I ein liten færing eller seksring kunne det gå
på livet laust når det blas opp med ruskever og sjø.
BILDE AV BARVÅGEN
|
|
Kona
tok seg av borna, heimen og hus-dyra. Når mannen var på
havet, var det ho som måtte sjå til at det blei sådd
og hausta i åkrane, at bøen blei slått og turrhøyet
bjerga.
For å klare seg måtte fiskarbondekona
og -mannen nytte alt det kystnaturen hadde å gje.
BILDE AV NAUSTET
|
|
Levekåra
til fiskarbonden skapte eit særmerkt miljø i kystbygdene
på Vestlandet. I Gulen i Ytre Sogn har ein freista å
ta vare på noko av dette miljøet gjennom fiskarbondemuséet,
som ligg heilt ute mot opne havet i kulturvernområdet Barvågen
på Byrknesøy.
Muséet er eit småbruk frå
1800-talet, med mest alle dei bygningane som var vanlege på
slike bruk: steinmura båtnaust, sjøbu, våningshus,
eldhus, utedo, jordkjellar og takvassbrønn.
BILDE AV TUNET
|