Velkommen Gulatinget Spelet Informasjon Kart Sponsor Linker

Gulatinget er ein av dei viktigaste institusjonane frå eldre norsk historie. Ingen kan sikkert seie når det fyrste Gulatinget vart halde – så langt attende i tida går ikkje vår skrivne historie. Men vi veit at det islandske Alltinget frå tidleg på 900-talet, hadde Gulatinget som førebilete. Frå området Lyngør i sør, til nord for det som i dag er Ålesund, kom det sendemenn til tingstaden i Gulen. Gulatingslova gjaldt også for fjellbygdene i Valdres og Hallingdal og vestover til Færøyane.

Til det årlege Gulatinget møtte kongen, hersar, bønder og deira lovseiemenn. Tinget vart styrt av kongen sin Lagmann og dei utsende lovseiemennene. Gjennom tingingar vart lovane til. Sakar vart ført fram og rettsavgjersler fall. Dei vart vedteke med våpentak: Ved slag av våpen mot våpen. Slik kan vi tenke oss at Gulatinget vart halde.

Gulatinget og Håkonarspelet
Arrangert for fjerde året – i nyare tid.

Håkon Adalsteinfostre (ca. 920-961) vart fostra opp i kristen tru hjå Kong Adalstein i England. Med god hjelp frå den engelske kongen vart han konge i Noreg slik som far sin, Harald Hårfagre. Kong Håkon, seinare kalla Håkon den Gode, nya opp att dei gamle Gulatingslovene og la til bolken om Kristtrua. Slik ville han få nordmennene til å slutte med blotinga til dei gamle gudane og leve saman som brør utan blodhemn og mannedrap.

Lova vart óg tillagt den viktige bolken om utbygging av leidangen (sjøforsvaret). Kor store skulle skipa vere? Kven skulle styre dei og ha oppsyn med vedlikehald og nybygging? Korleis skulle ein ta ut mannskap? Kor lenge skulle dei vere pliktige til å liggje ute, og kor mykje mat og løn skulle det ytast pr. mann?

Gjennom demokratiske prosessar og kompromissar vart lovene forpliktande både for konge og bønder. Det var her – i møte mellom bøndene og statsmakta – at nasjonen Noreg vart bygd. Gulatinget vart flytta til Bergen om lag år 1300, etter at kongen og statsmakta hadde fått meir og meir makt over avgjerdene på tinget.

Gulatingslova vart rekna som ei av dei friaste og mest demokratiske lovene i Europa for tusen år sidan, og lova kom til å setje sitt preg på mange andre lover. Dei lovene vi har i Noreg i dag er framleis tufta på dei gamle Gulatingslovene.



• Stiftinga Kystsogeveka •
• Lag og organisasjonar i Gulen og Hyllestad •
• Arbeidsgruppa for Håkonarspelet i Gulen •

Presentasjonen er utarbeidet av Stiftinga Jensbua 1999/2001 v/ Tor Njøten. E-mail: tor@jensbua.no

 

Top of page